Smile ditt
Smilet ditt kan gjere deg vakker.
Her ein dag gjekk eg forbi ein gutt. Han var kanskje eit par år yngre enn meg. Og som det nysgjerrig menneske eg er, så kikke eg på folk som går forbi meg. Eg klare rett og slett ikkje halde augne for meg sjølv. Men i alle fall, denne gutten var ikkje akkurat ein gutt eg finn tiltrekkjande. Tynn, pistrete hår, slapp klesstil og elles ein svært normal gutt. Men i det han passerte meg så smilte han. Og det var då ting forandra seg. Det var ikkje berre leppene som trakk seg opp mot himmelen. Heile ansiktet hans lyste opp, og det var som om sola strålte nokon ekstra varme stråler imot meg. Smile varma meg og satt eit stort smil på mitt fjes. Der og då, i dei få sekunda, var han noko av det vakraste eg har sett på lenge. Smile hans varma meg, rett og slett. Smile hans gjorde han vakker.

Fortsett å smile!