Fiktiv perfekt!

Fiktiv Perfekt


Eg skulle ha levd ein plass mellom femte århundre f.Kr og år 1700. Då idealforma var «lubben». God og rund - det hadde vore noko det. Men eg lever i dag, i det tredje årtusen. Der modellar, skodespelarar og artistar må forandra på kroppen sin for å.... Eg veit faktisk ikkje kvifor dei må forandra på kroppen sin. Det er vel berre slik verda fungerer i dag. Frå eg står opp om morgonen til eg legg meg om kvelden, er eg omringa av «perfekte» menneske. Kor ofte ser du ei lubben dame i ein undertøyreklame? Eller tenkt deg at du set deg ned med ein James Bond film, då er det ikkje store sannsynet for at du ser ei lubben dame. I dagens samfunn skal vi alle vere slanke, proporsjonale strekar som vandre rundt halv-svoltne. Gjerne med store bryst og store lepper. Dagens «perfekte» kropp: Strekmannen!



Det har vel aldri vore så mykje kroppsfiksering som det er no, så mykje som påverker oss. Er det rart at vi får mindreverdighetskompleks. Er det rart at fleire og fleire får spiseforstyrringar. Det er slik vi er lært opp. Vi er lært opp av media og samfunnet rundt oss at utsjåande betyr mykje. Det ser vi rundt oss kvar einaste dag. Det påverke oss.

Heile tida kjem det nye slankekurer og nye slankemetodar. Kven som helst kan bruke dei. Unge, lett påverkelege jenter kan bestille ein haug med slankepiller, trykka dei i seg og håpa på at dei blir meir populære (er dei ikkje gamle nok, er det ingen problem å bruke falsk fødselsdato). Er det verkeleg slik vi vil ha det? For det er det verda seier indirekte, «Slank deg, bli populær!». Verda sitt slagord. Vi har alle høyrt om det omdiskuterte røyke- og drikkepresset, men no er det oppstått noko nytt. Slankepress. Eg vil påstå at slankepress er endå verre å stå imot enn røyke- og drikkepresset. For no er det ikkje bare ei mindre gruppe, eller nokon få venner som presser på. No er de media, medelevar, modellbyrå, til og med nokon foreldre, kor enn du går finn du slankepress. Du slepp rett og slett ikkje unna (med mindre du stenger deg inn på eit lydisolert, mørkt lite kott!).

Eg skulle levd i Afrika eg. Der dei frodige kvinnene er dei populære. Der frodige kvinner er eit teikn på rikdom, sunnheit og styrke. Kvifor skal eg kutta ut god mat? Trena sju timar, sju gonger i veka? Spara peng til operasjonar? Hadde eg budd i eit fattig land i til dømes Afrika, hadde eg satt pris på kvart måltid eg fekk og den kroppen eg var født med. Eg hadde nok ikkje sprunge rundt og klaga for at eg tok eit lite kakestykke til lunsj!




Her er slik vi ønsker å bli,
og ho ikkje ønsker å vere...

Ein høyrer titt og ofte om personar som bruker mangfaldige kroner på plastisk kirurgi. Normale, vakre personar som ser ned på kroppen sin fordi dei er utsett for det utbreidde slankepresset. Personar som trur dei må gjere noko drastisk med kroppen sin for å bli godteke i dagens samfunn. Ein høyrer om personar som forstørre brysta sine på grunn av psykiske problem (no snakker eg kun om dei som gjør det pga psykiske problem), dei har fått operasjonen gratis. Det er jo fint for dei at dei kan ta ein slik operasjon, når dei føler seg så mindreverdige. Nei, det er ikkje det!!! Det er verda si feil at desse personane tenkjer sånn. Hadde det ikkje vore for all presset om å bli «perfekt» hadde ikkje disse jentene hatt psykiske problem og dermed mest sannsynleg vore fornøgd med dei brysta dei hadde! Det er verda som treng ei forandring, ikkje desse personane.

Folk vegrar seg også for å bli gamle. Rynker og grått hår er eit tydeleg teikn på at ein byrjar å bli gamal. Då må vi fjerna rynkene, strekkje huda og sy den fast litt lengre oppe. Farge håret om igjen og om igjen kvar gong vi ser eit grått hår. Gjør vi dette, då bli vi heldigvis ikkje gamle. Feil! Dessverre så er det ikkje noko vi kan gjere for å hindre alderdommen. Den er ein del av livet. Enten vi liker det eller ikkje. Eg syns vi skal vere glade for at vi blir gamle, det er ikkje alle som får lovt til det. Dessutan, korleis skal ein definere det å bli gammal? Er du blitt gammal viss du har så mange grå hår at du er komen ut av teljinga eller viss du har meir enn tre rynker under auga? Eg trur at det er sjela di som bestem kor gammal du «er». Føler du deg ung og sprek, ja då er du ung og sprek sjølv om du har ei rynka - eller ti.

Når eg først har gått litt filosofisk inn på spørsmålet korleis ein skal definere det å vere gammal, får eg vel kanskje også gå inn på spørsmålet: Kva er den perfekte kropp?? Det er vel auge som ser som avgjer om du har den perfekte kropp eller ikkje. Ein må ikkje ha lengda og breidda i ansiktet i høve til kvarandre som to og tre. Ein må ikkje vere like tynn og slank som Paris Hilton på ein god dag. Du er ikkje mindre verdt av den grunn. Det er synet på deg sjølv, ditt eiga sjølvbilete som avgjer om du er vakker. Det er utstrålinga di som seier det meste. Du kan vere syltynn, tynn, midt i mellom, lubben eller feit. Du treng ikkje vere media-perfekt for å bli godtatt i verda. Du er perfekt! Kvifor skal du fikse på deg sjølv då. Skulle alle vore heilt like og like «perfekte» så hadde ikkje kvar enkelt hatt noko særpreg. Det hadde vore ei lik og utruleg keisam verd å leva i. Det er rett og slett våras synd på menneske som skaper den perfekte kropp. Så kanskje det er på tide at mange av oss endrar vårt syn, i staden for våre kropper???





PS: Når eg prate om at det er heilt ok å vere feit eller syltynn, så er det ikkje snakk om sjukleg tynn eller helsefarleg feit...

"Koffår vere normal, når eg er lykkelig som gal?"

9 kommentarer

C,

21.mai.2009 kl.15:24

Så utrolig bra skrevet! Jeg er så enig i det du skriver.

One

21.mai.2009 kl.15:28

Utrolig fin header :O ^^

Elise

21.mai.2009 kl.15:35

Agreed!!

Tonje J

21.mai.2009 kl.15:37

Kjempebra innlegg!

Martine

21.mai.2009 kl.15:37

Du skrive veldig bra! Likte dette innlegget jeg - vi mennesker, og spesielt vi jenter har veldig godt at å tenke litt mer denne veien!

Malin

21.mai.2009 kl.21:47

takkdu skriver bra

Daniel & Marius

22.mai.2009 kl.13:13

Sv: tusen takk:D Skal prøve på det:)

Pia Susanne

22.mai.2009 kl.15:40

Bra innlegg, du har mange bra tanker du ! :-) Fortsett sånn

Martine

23.mai.2009 kl.17:19

Anbefalte innlegget ditt i "ukens innlegg" på bloggen min jeg! :)

Skriv en ny kommentar

Norske blogger

Siste innlegg

Lenker

hits